Historia om Peer Gynt-vegen

HØGT OVER ALLE HAV

Historia om Peer Gynt-vegen

Denne artikkelen er skriven av Carl Henrik Grøndahl til Fronsbygdin 2012

Ho har betalt og fått billett, men bommen på Peer Gynt-vegen opnar seg ikkje. Ho ringer nummeret som er oppgitt.

-Ja vel, seier bomvaktaren på telefonen. –Eg skal opne for deg.

-Å, seier dama, som neppe er heilt fortruleg med moderne teknologi. –Hvor sitter du, da?

Bomvaktaren kan ikkje dy seg. – Eg sit i ein tretopp bak deg.

-Gjør du det? seier dama. -Kommer du ned, da?

Ja, ikkje sant. En veit aldri korleis ein gudbrandsdøl kan finne på å innrette seg.

Peer Gynt-vegen har gitt mange overraskingar i åra som er gått sidan han vart opna sommaren 1956. Men framfor alt er det ingen tvil om at vegen har hatt uvurderleg mykje å seia for økonomi og liv i begge ender og langsmed, for Gausdal og  for Fron. Framfor alt har han vore viktig for utviklinga av Midt-Gudbrandsdalen som turistområde. Hotella livberga seg, og hyttene veks opp. Det som følgjer, er ei vandring langs ei spennande historie om ein veg. I 2012 er han vaksen, 56 år gammal.

Eit skuleeksempel

Skrivaren sit i stova heime hos Amund Wadahl på Gålå. Far hans, hotelleigaren Trygve Wadahl, var ein kraft bak bygginga av vegen frå Skei til Fefor saman med ordføraren i Sør-Fron, Egil Hernæs, og hos Wadahl er det orden i papira. Fram på bordet kjem permar med dokument, brev og avisutklipp. For ein skrivar er det berre å kaste seg over godbitane:

Bladet Reiseliv i Norge hadde i år etter år mana til samarbeid mellom dei som ville skapa noko, men slo fast at ”samarbeidets kunst læres ikke så lett av individualistiske nordmenn.” Så kjem Peer Gynt-vegen og er ”

et skoleeksempel på hvorledes det skal gjøres, og vi vil gjerne bringe dem som står bak tiltaket vår takk og hyldest.

Ja, dei ville noko, desse karane, og dei hadde kraft. Tankane om ein veg vart tenkt tidleg, før andre verdskrigen. Hotella veks opp etter at NSB gjorde det langt enklare for byfolk å vera turistar på slutten av 1800-talet. Hotella henta dei på stasjonane, og så budde dei der. Dei fôr ikkje vidare etter ei natt eller to. Men så kom bussen og bilen, som støva seg fram langs riksveg 50 nede i dalen. Hotella på Skei, Fagerhøi, Gålå og Fefor hamna utanfor trafikken. Noko måtte gjerast.

Mot Fagerhøi

Ein slags veg

Heilt veglaust over fjellet hadde det ikkje vore. Frå Skei til Fagerhøi gjekk det ein slags veg. Han vart visstnok bygd etter at jernbanelina kom til Tretten, og turistar søkte seg oppover mot fjellet. Frå Fagerhøi til Toftsetra (der Kjærlighetsstien går i dag)opparbeidde Knut Bay på Fagerhøi (Forr) ein slags veg.  Via Nordre Lia vart det ferdsleåra frå dalen opp til Fagerhøi, før den samme Knut tok initiativ til vegen over Vendalen.

I august 1936 vart Trygve Wadahl beden til eit møte på Gausdal Sanatorium til val av styre for vegen Rusten seter–Toftseter-Gålå. Det skulle ta 20 år.

22. august 1948 samla Hernæs og Wadahl folk og stifta eit ”interesseselskap til opparbeidelse og drift av bilveien Golå-Gausdal.” I desember ber dei om anbod på strekninga Golå-Fagerhøi, omlag 16 kilometer med ”helt ideelt bulldoser-terreng.” Berre ein km er dekka med fjellbjørk, og det finst praktisk talt ikkje myr eller fjell. Vegen skal stort sett følgje terrenget utan større skjeringar eller fyllingar, heiter det. Til våren skal arbeidet i gang. Sommaren 1949 tilbyr Gausdal Bilselskap seg å planere dei 16 kilometrane i 5 meter breidde for kr 7 pr meter, men tar atterhald om fjell og den nye veglinja ”bak Isumsåsen som etter vår mening er uskikket til bulldozerarbeide.”

Men så kjem Vinstra Kraftselskap og skal byggje høgspentline over fjellet. Her er det ikkje helikoptre og prefabrikerte mastar. Alt vert støypt på staden. Dei herjar seg inn i terrenget og slit ned dei vegstubbane som er. Vegfolket er samde i at så lenge kraftselskapet nyttar vegen, vil større reparasjonsarbeid vera nyttelaust.

24. januar 1952 møttest dei att. Vegbitane står i fare for å bli strokne frå alle vegkart. No har dei engasjert Vegvesenet for å få eit kostnadsoverslag: kr 328 000. Det er for mykje. Men hotella ønskte at vegbitane i alle høve var utbetra

såpass at personbiler ikke satte seg fast eller ble direkte ødelagt som følge av dårlig vegbane.

Trygve Wadahl                              Egil Hernæs

Ikkje muskelkraft, men penn

Dugnad må til, og alle må med. Frk. Jøndal på Lauvåsen og fru Balchen på Veidarvon kan vel skyte til med ein mann og fabrikkeigar Israel Krupp med ein bulldozar? Dei to damene har kanskje ikkje muskelkraft, men penn kan dei bruke, og dei forar ordførar Egil Hernæs med gode argument, som han seinare sender vidare til Samferdsledepartementet:

Det er nu innlysende at vi for å unngå stengning av bedriftene om sommeren, må skaffes muligheter for å motta gjennomgangstrafikk, busselskaper, etc.

Eit av hotella hadde eit overskot på kr 44 000 i vintersesongen, men det vart ete opp i sommarhalvåret, då berre 23% av sengekapasiteten vart seld. Her er alt i alle prisgrupper, frå pensjonat og fjellstover til velrennomerte høgfjellshotell med omlag 1000 gjestesenger til ein verdi av 10 mill kr. Etter krigen, skriv dei, har staten støtta bygging av hotell langs riksvegane, der det ikkje var hotell før. Langsmed denne nye vegen over fjellet er det omvendt. Her ligg hotella langt frå gjennomfartsvegane og har basert seg på vintertrafikk med store investeringar. Derfor må det fjellveg til, og Staten må bidra.

Nei, seier Staten ved Hotell- og Turistdirektoratet og skriv slik berre Staten kan skriva. Det ”meddeles at en dessverre ikke har midler til å støtte utbyggingen.” Og så kjem ironien: ”Det ville imidlertid være meget ønskelig om planen kunne realiseres snarest.” Byråkratane sit der i Oslo og ”vil så sterkt som mulig anbefale at planene likevel søkes realisert.” Skrivaren skulle gjerne vore til stades og høyrt kva dei sa, herrane Wadahl og Hernæs, då dei fekk dette brevet.

Så prøver dei seg på Forsvaret, Distriktskommando Oppland i februar 1954. Denne vegen må jo også ha stor verd for militæret? Er vegen tenkt bygd under skoggrensa? spør Forsvaret. Nei. Kan den haldast oppe om vinteren for lastebilar? Nei. Da vil den berre ein del av året avlasta riksveg 50, og i ”militært henseende” krevs det ein veg som er trafikabel året rundt, svarar dei frå Hamar.

Men karane gir seg ikkje. I september 1954 går dei til obersten på Jørstadmoen og ber han spørja Ingeniørvåpnet om dei kan assistere ved vegutbygginga Skeikampen-Fefor. Svaret er nei. På grunn av store øvingar i Nord-Noreg.

Dei er ikkje amatørar. Dei har tatt høgde for alt alle ville svara nei. Dei har sikra seg at dei tre kommunane Østre Gausdal, Sør-Fron og Nord-Fron garanterer for til saman kr 400 000. Årleg driftsbudsjett er satt til kr 17 750 med dekning frå kommunar, hotell, pensjonat, hytter og fabrikkeigar Krupp – og kr 500 frå Lillehammer Bryggeri! Og dei har solide folk bak seg. Dei har skaffa seg ryggdekning. Dette er ikkje smått og lokalt. På eit stormøte på Gålå sommaren 1953 om vegprosjektet er samfunnsstøttene til stades, ifølge Dagningen: fylkesmann og vegsjef, direktør i Samferdsledepartementet, ordførarar og ysteribestyrar, disponentar, direktørar og hotell- og pensjonateigarar. Alle er samde i at dette er viktig for turist- og bygdenæringa.

Mot Toftsetra

Haugen gjekk heim

Så – 30. august 1954, vert det underteikna kontrakt med entreprenørfirmaet Kråbøl & Co A/S om ferdigbygging til grusing parsellen Gålå-Fagerhøi. Ein bulldosar Caterpillar D7 kostar kr 85 pr effektiv time. ”Arbeidet påbegynnes snarest.” Så raskt kan det ikkje ha gått, for i 1955 vert det underteikna ny kontrakt. No er det spesifisert: ”a) Omlegging gammel sæterveg (Toftesæter-Fagerhøi) fra Lifjellet til Fagerhøi ca. 3.5 km. b) Omlegging av gammel sæterveg ved Toftsæter ca 2,5 km. c) Bygging av skogsbilveg: Golåvegen-Nysæter ca 3 km.”

Javel. Så vart det oppmåling og slikt? Det hadde vore synfaringar, og ei vegline mellom Fagerhøi og Gålå vart stukke ut allereie i 1948. Men så nøyaktig vart det neppe gjort. Christian (Kikke) Hovind på Fagerhøi fortel at bestefar hans, Algodt Haugen på Forr, gjekk saman med ordførar Hernæs framfor bulldosaren nordover frå Fagerhøi for å syna kor traseen skulle gå. Så vart dei usamde. Haugen ville ha vegen meir mot aust, slik at ein kunne følgje høgdene i terrenget og unngå skjeringar. Det ville også ha letta brøyting den gongen vegen vart brukt som vinterveg.  Men ein ordførar er ein ordførar. Han fekk viljen sin, og Algodt Haugen gjekk heim.

I ettertid er det ikkje vanskeleg så sjå at den folkevalde tok feil. Etter at Lulli og Martin Hovind etablerte leirskulen på Fagerhøi i 1969, vart det naudsynt med ope veg vintertid, og leirskulen fekk i stand avtale med Peer Gynt-vegen om brøyting frå Gålå til Fagerhøi i 1970. Orsaka til at dei tok til å brøyte over Vendalen i staden, var – i tillegg til at den vegen er kortare – nettopp at Peer Gynt-vegen går i terreng som gjer det vanskeleg å halde han open.

Skriveføre folk

Rykta går. Sommaren 1955 har reisebyrået på Lillehammer over 100 førespurnader om vegen. Opnar han ikkje snart? 10. juli 1956 er sett som dato, og strekninga over fjellet heiter no ”Hotellveien”. Skriveføre folk er involvert. Dei veit kva som sel. Ein kan berre nyte dette og slå seg med på ferda:

Hotellveien følger en eldgammel ferdselsåre innover seterfjellet, en av de mest kjente ruter fra turisttrafikkens barndom. Fjellet har ikke ligget veiløst her tidligere. Det har ikke manglet seterveier, og før krigen kunne en ta seg fram med bil til Harpefoss. Men veiene har forfalt, og det er først med ”Hotellveien” at man har fått den brede, trafikksikre høyfjellsveien gjennom disse skjønne trakter.

Så er vi med på ferda langs idylliske fjellvatn fram til Fagerhøi Høyfjellsseter og høgste punktet på vegen, Listulfjellet 1108 m.o.h. Kvar har ein så vakkert og vidstrakt utsyn? Her er heile riket til Peer Gynt:

I nord Rondane med sine takkete fjellprofiler, og som en aning Snøhetta på Dovre. Jotunheimen med sin kjemperad av snødekte tinder som glir over i Valdresfjellene og Synnfjell, som kneiser så stolt i sørvest.

Deretter kjem ein forbi den vakre setergrenda Toftsæter med korte sidevegar til Lauvåsen og Veidarvon. Fram mot Gålå ligg mange gode fiskevatn, og fleire skal ”beplantes med ørret”. Fram mot  Fefor går vegen langs det store Gålåvatn. Heile turen er berre nokre kilometer lenger enn same strekninga på riksveg 50. Så kjem konklusjonen:

Denne vegen innleder en ny æra i Gudbrandsdalens reiseliv, en opplevelse fra ende til annen. Den frister med en rekke av landets beste hoteller. Her kan man få alt hva hjertet begjærer. Hotellene langs ruten har lagt seg i selen for å få veien til. De vil ikke sky noen anstrengelser for å få gjestene til å komme, trives og bli.

Så kjem høgdepunktet: Vegen ”vil bli kjent og kjørt.

Aftenposten hengjer seg på. Signaturen Unn skriv 20. september 1955 at her,

høyt over alle hav, i blånenes drømmende og forunderlige verden, er rasteplasser av utsøkt skjønnhet og blikkstille fjellvann mellom multemyrene. Her er all den uberørte natur vi går og drømmer om mellom en storbys livløse betongmurer. Og sauen er så doven og uvant med trafikk at den må måkes ut av veibanen.

Hotellveien blir Peer Gynt-vegen

Trygve Wadahl kan reiseliv. Han skriv til alle hotelleigarane i Sør-Noreg og ber dei leggje fram veg-brosjyrer godt synleg for publikum. Men så hender det noko rett før alt skal til trykking. ”Heile riket til Peer Gynt.” Kan hende er det desse orda han fanga opp, Erling Welle Strand i Landslaget for norsk reiseliv. 27. april 1956 skriv han til Trygve Wadahl. Han såg potensialet og tillet seg dette framlegget: ”Høyfjellsveien Gausdal-Fron blir i reklamen å omtale som PEER GYNTveien”.

Dei hoppa på det, og slik la dei fundamentet for omfattande og vellukka marknadsføring av meir enn vegen gjennom eit halvt hundreår bygd på eit internasjonalt kjend merkenamn.

Som venteleg vart ikkje alle glade. Tre vegar sloss om namnet. I tillegg til ”Hotellveien” ville vegen på Høvringen og setervegen i Sødorpfjellet eige denne reinjegaren. ”Hotellveien” var først ute med mest kapital og dyktig marknadsføring. Ein vonbroten sør-frøning skreiv i avisa for å protestere på det kraftigaste mot slikt fråvær av virkeligheitssans. Å kalle desse vegbitane på vestsida etter Peer er

en tilsnikelse og en forfalskelse hvis propagandamessige verdi må være temmelig tvilsom.

Nei, Peers veg gjekk opp den bratte Sødorpsbygda til Fryvollane. Det er på tide at det reisast ein opinion mot denne urette propagandaen!

Lars Sulheim skreiv:

Kva dei skal med Peer Gynt burte i Gausdal Vestfjell, skynar eg ikkje. Det kan bli eit fårleg spel.

Han meinte at Høvringen måtte få vere åleine om namnet. Det ville heile dalen og turistnæringa stå seg på.

Men her møtte dei Bøygen i form av tyngda i hotellprosjektet. Løysinga, om ein kan kalle det noko slikt, var at vi fekk vi Peer Gynt Seterveg på austsida av dalen, og har ikkje striden lagt seg, lever han vel enno.

Skandaløst!

Det er ikkje godt å seia kva han hadde tenkt seg, Trygve Wadahl, etter opninga av Peer Gynt-vegen. Fine oppslag og mykje ros i avisene, også i Sverige. Vegen lokka attpåtil fram poesien hos broderfolket:

Där Skeikampen sträcker sin resliga kam

i karga, små dvärbjörkars rike,

der ”snor seg en vei” över vidderna fram:

Peer Gynt vei, som saknar sin like.

Men sekretær Wadahl i vegselskapet fekk ikkje kvile på laurbæra. Vegen er knapt opna før Aftenposten fortel om ein Oslomann som åtvarar bilistar mot Peer Gynt-vegen:

Den er i så elendig forfatning at jeg ikke vil kjøre den en gang til om jeg får betaling! Å få se noe av fjellnaturen er utelukket. En bilist har nok med å holde seg fast i rattet og nistirre på veibanen. Det er skandaløst å tilby bilister slike veier.

Avisa har fått greie på at det særleg er strekninga frå Skei til Fagerhøi som er i dårleg forfatning.

Betre blir nok ikkje stemninga på Gålå når Erling Welle Strand er på Trygve Wadahl, redd for at vegselskapet risikerer ein baksmell om nokre år, ”når ryktet har spredd seg om vegens forfatning.” Den nye vegen frå Wadahl til Fagerhøi er han nøgd med. Men det første stykket frå Fefor til Gålå (som var privat veg den gongen) har alt for dårleg vegdekke. Krisa er den gamle vegen Fagerhøi-Gausdal. Han er krokut og smal og motsvarar ikkje dei forventningar ein turist får etter å ha lese brosjyren. Det er komne mange klagar til NAF, og vegen har fått kritikk i svenske aviser. Skriv Welle Strand i juli 1956.

Månaden etter er han enda hardare:

De rapporter og klager som vi har fått i den senere tid fra danske bilister, er så alvorlige at vi sterkt må beklage at Hovedkontoret uten bedre kjennskap til forholdene har gått inn for turistreklame for Peer Gynt veien.

Som ikkje det skulle vera nok, får Trygve Wadahl kopi av eit brev sendt til den britiske veiboka i august 1956. Ein britisk bilist våga seg inn i norsk villmark, og der fann han ein stengt veg. Kunne dei ikkje sagt frå om slikt, eller er Lauvåsen berre tilgjengeleg for fotturistar? Inntil vidare rådar dei engelskmenn til å unngå denne Peer Gynt-vegen.

Trygve Wadahl svarar godt og sakleg for seg i september. Sommaren 1956 var meir enn vanleg våt og regnfull med flaum og elende, og det ikkje godt for ein nylaga veg. Ja, det er rett at han var stengd nokre dagar i sommar.  Men no er vanskane overvunne, og med glede kan han notere at ”den begeistring og ros veien er blitt gjenstand for efter den første sesong, er helt overveldende i forhold til klagene.”

Hol og snø

Men det er meir. Ein urmakar i Oslo skriv til han i august. Han har fått skade på bilen sin fordi ei av bruene ikkje var i forsvarleg stand. ”En brostokk, ca. 1 m lang, vippet opp og fikk feste under bilen således at gulvet ved forsetet ble revet opp.” Kven skal betale?

Styret i Vegselskapet Gausdal-Gålå-Fefor, ved sekretær Trygve Wadahl, svarar ærbødigst:

I anledning Deres krav i brev av 4. ds. har styret for veiselskapet i styremøte den 7. ds. fattet slik beslutning: I likhet med gjeldende praksis for offentlige veier, finner veiselskapet ikke å kunne imøtekomme slike krav.

Det er vel slett ikkje sikkert at dette vart formelt handsama i eit styremøte, men svaret har utan tvil den naudsynte tyngda.

Så er det ein journalist frå Gøteborg. Han starta frå Wadahl den 15. september gjennom open bom. Etter nokre kilometer kjørte han seg fast i ei snøfonn. Kvifor var den ingen som åtvara han eller stengde bommen? Han skulle gjerne ”ha rekommandarat våra läsare att ta en tur på Peer Gynt veien”, men det kan han ikkje gjera, dersom dei vert utsette for same elende som han.

Og støv

Skrivaren blir imponert av Trygve Wadahl. Han veit å ta vare på folk og omdømme. Han svarar at han sjølv dessverre var ute på reise nett då, og ingen kunne veta at tilhøva var så ekstreme at erfarne fjellfolk har ikkje sett maken på 70 år. Og så fortel han at journalisten har kjørt på ein veg som ikkje er opna offisielt. Det er tydeleg ei løysing dei har funne. Alle som klagar, skal veta at vegen enno ikkje er ferdig. Dei er for tidleg ute. Opninga skal skje 25. juni året etter!

Så er det grannane nedover vegen mot Fefor. Dei er

fryktelig plaget av støv som følge av den store biltrafikk forbi vår hytte, som er nesten ubeboelig. De skulle sett hvordan det så ut!

Like ille er det på dei næraste setrene, Brua og Rønn. Gjer noko med dette! I juni året etter har Wadahl kjøpt klorkalsium. Han går ut i avisa og får pent oppslag: ”Kritikken mot Peer Gyntvegen er uberettiget, sier T. Wadahl.”  90% av dei som kjører vegen, er strålande nøgde. Opptil 250 har kjørt vegen på ein dag, og kvardagstrafikken er på 100-150 bilar.

 

Kjem dei att?

Våren 1957 vedtek styret at bomavgifta skal aukast frå kr 5 til kr 10.  Ordførar Hernæs får eit illsint brev: I brosjyrane står det kr 5! ”Det er ingen hemmelighet at en meget stor prosent snur allerede nede ved Svingvold.” KNA finn at det er ”meget betenkelig å øke avgiften med 100%.” Kan hende betaler turistane så høg avgift ein gong, men dei kjem ikkje att.

Det gjorde dei nok. Åra 1956 og 1957 tok dei inn kr 56 514 i bompengar. Til saman. I 1958 var summen kr 57 605.

I 1958 starta også Gausdal Bilselskap ei bussrute frå Lillehammer til Vinstra over Peer Gynt-vegen i korrespondanse med hurtigtoga.

Seks år seinare, i 1964, var det slutt på rasjoneringa av bilar. Då la bilistane att kr 100 000 i bompengar. Driftsoverskotet var på kr 25 000, og året etter slår avisene fast at den 53 km lange Peer Gynt-vegen mellom Skei og Dalseter kosta berre kr 400 000 og er landets mest populære turistveg. Trafikken auka med 10% for kvart år. Noko sesam-sesam for sommarsesongane på hotella vart han ikkje, seier Trygve Wadahl i et intervju, ”men det er i alle fall helt på det rene at Peer Gynt-vegen har betydd svært mye for hotellene her inne når det gjelder sommerbelegget.” Den første turistsjefen i Midt-Gudbrandsdal, Rolf Brevig, såg vegen som eit av dei alle beste korta sine, og Hans Petter Kleiven, den første formannen for Midt-Gudbrandsdal Reiselivslag, seier at Peer Gynt-vegen ga området identitet.

Til Dalseter

På det store Gålå-møtet i 1953 ivra mange for at Peer Gynt-vegen måtte forlengast til Espedalen. Fleire meinte at det beste var gjennom Børkdalen til Øvre Svatsum, men det er vel ikkje utenkjeleg at sjefen på Dalseter Høyfjellshotell, Erik Gillebo, la tyngda på. Det gjekk ein slags veg frå Fefor til Hattdalsetrene. Derifrå var det berre trakk og  6-7 km å byggje nytt. I 1965 var vegen klar. God vart han ikkje. Klagane kom her òg. Ein bilmann frå Hamar skriv i 1967 at turen frå Fefor til Dalseter tok fleire timar for å komme over

de ualminnelig dårlige veistrekninger og de mange ubrukbare veiprommer og innkjøring på broer. Vegselskapet utsetter seg vel for et stort ansvar idet en moderne bil som undertegnedes fikk flere skader.

Men Trygve Wadahl er ikkje noko hengehovud. Han vender det til noko positivt:

Pressen gav veien Fefor-Dalseter megen omtale, og det ble nødvendig å leie et entreprenørfirma til å fylle opp lengere partier med en slags stengrus. Diskusjonen i pressen om denne parsellen bidrog sikkert til å gjøre Peer Gynt-veien ytterligere kjent.

All PR er god PR.

Peer Gynt Hotels

Denne nørdre biten av Peer Gynt-vegen har vel alltid vore eit etterheng, og i 2012 er han framleis utan automatbommar. Det er framføring av straum det står på. Men forlenginga til Dalseter opna for eit verkeleg nybrottsarbeid: Den første hotellkjeden i Noreg, Peer Gynt Hotels, stifta 13. oktober 1966. Det var seks familiedrivne hotell som fann saman, og konkurrentane var nok litt misunnelege, fortel Erik Gillebo. Reklamekampanjane dei sette i gang, vart ein suksess og skulle koma til å danne skule i bransjen. Strategien var jamnbyrdige hotell med god standard langsetter Peer Gynt-vegen. Gjestane kunne bytte til eit anna PG-hotell utan kostnad dersom dei var misnøgde med noko. Dei kunne også fritt ete lunsj på eit anna PG-hotell.

Motorsykkel og spade

Ved 35-årsjubileet i 1991 hadde Martin Hovind på Fagerhøi vore styreformann for vegen i 24 år. 25 000 bilar passerer årleg. Inntekta er kr 800 000, kostnadane ligg på kr 500 000. I eit avisintervju er han særs stolt av vegen og fortel om vedlikehald. Han kjører vegen to gonger i veka og tettar hol. Familien sa mang ein gong at det einaste som kunne skilje han frå Peer Gynt-vegen, var hans eige død.  Det gikk nesten troll i ord.  Martin Hovind gjekk av som formann i 1992 etter lang tids sjukdom og døydde året etter.

Dei brukte nok mykje tid og ressursar på vedlikehald , men utan dagens maskinar var det ikkje berre enkelt. Kikke Hovind  gjenfortel ei historie om ein kar som hadde ansvar og fôr att og fram på motorsykkel og tetta hol. Han brukte ovlang tid på å komme seg frå Gausdal til Fagerhøi. ”Mykje hol”, sa han, men det var nok nokon han måtte sjå innom på vegen. Mykje tyder på at dette litt amatørmessige vedlikehaldet gjennom mange år førte til at standarden på Peer Gynt-vegen forfalt.

Problem i Gålålia

Forunderleg nok er det ikkje vegen over fjellet som byr dei mest akutte problema. I 1975 får Martin Hovind eit brev frå Trygve Wadahl, som ikkje likar det han ser. Strekninga frå Feforvegen ved Vollsdammen til Gålå er framleis privat og del av Peer Gynt-vegen.  Den er i ”så elendig forfatning” at hotella må kjøre den 4-5 km lengre vegen om Harpefoss til og frå Vinstra med store meirkostnadar. Wadahl hadde sjølv fått grusa vegen frå Valseterkrysset til Gålå for eiga rekning. Han ser seg no ”nødsaget til å påtale forholdet på det sterkeste, samtidig som vi må forlange at veien snarest settes skikkelig i stand.”

Det tok si tid. Her er utviklinga i norsk reiseliv i eit nøtteskal:  I dag fyk vi opp asfaltvegen til Gålå og møter attpåtil fartsgrense 50 km/t.  Men den gongen gjekk ikkje fyIkesvegen frå Harpefoss lenger enn til Toppastranda. I 1978 kom Sør-Fron kommune med framlegg om å få forlenga fylkesvegen til Gålå. Stigninga er stor, og vegen ligg i ”sidehellende skogsmark som synes vassrik. Det er dårlige grøfter, og det mangler en del møteplasser. Det er lite overbygning. Vegen må legges om for å bedre stigningsforholdene.”

Vegen vart lagt om til fylkesveg i 1985. Til 35-årsjubileet hadde fylke og kommune overtatt til saman 10 km av den opprinnelege Peer Gynt-vegen: 4,5 km frå Voldsdammen til Gålåvegen, 2,5 km frå Valseterkrysset til Røde Kors-hytta og 3 km frå Voldsdammen til Fefor.

Vegen møter veggen

Men vegen over fjellet er i forfall. I eit brev til styret i 1990 uroer han seg framleis, den gamle kjempen. Trygve Wadahl er 81 år og ser framover: Med det materiell som i dag trafikkerer Peer Gynt-vegen, er det lett å sjå kor “håpløst akterutseilt” han er. Bussjåførar og turoperatørane klagar, og vegen vil snart møte veggen, noko som vil bli katastrofalt for verksemdene – ”om vi ikke nu tar ansvar på alvor og snarest beskikker vårt hus med skikkelig og kontinuerlig opprustning av veien. Men det haster.”

Dersom ein vil, kan ein ane spor av konflikt. ”Det er selvfølgelig trygt og hyggelig å ha penger i banken”, skriv Wadahl, men no må dei nyttast til betre teknisk og planmessig vedlikehald! Ein konsulent som vart hyra inn i 1990, ser faresignala:

Det årlige vanlige vedlikeholdet synes å gi liten varig verdiøkning for veganlegget, og vegstandarden er heller synkende. Det som må til, er systematisk opprustning av vegen. Strekninga fra Skeiselva til Fagerhøi bør prioriteres, da denne har flere vanskelige parter.

1. oktober 1990 blir det halde ekstraordinær generalforsamling på Fagerhøi.  Aldri har det vore så mange til stades, mellom 40 og 50 personar: Ordførarar, rådmenn, tekniske sakkyndige og alle verksemder langs vegen representert. Målet med møtet er å ta stilling til ei storstilt opprusting av vegen.  Stikking og detaljplanlegging av traseen mellom Skei og Fagerhøi var allereie kome langt, men motet svikta, fortel Kikke Hovind.  Enden på visa blei at enkelte parsellar skulle utbetrast.

Så blir ni entreprenørar frå området inviterte til anbodskonkurranse, og Polmar Skar i Frya Grustak har det lågaste anbodet. Han har stelt med Peer Gynt-vegen sidan. Det er slutt på motorsykkel og spade. No kan ein råke på veghøvelen med Skar bak spakane, og han kan fortelje mangt om korleis folk ter seg, når dei møter slikt på si ferd.

Vegen i grøfta

Først og fremst måtte han få bæreemne på vegen. Eit døme på arbeidet han gjekk laus på: Frå hotellet på Skei til der bakken opp mot fjellet løftar seg, var det leire og sump. Vegen seig ned i grøftene. I mykje av vegen var det dårleg grunn som heldt på vatnet. Det tørka ikkje opp før langt utpå på sommaren. Dei siste 20 åra er mykje gjort: Utbetring/omlegging mellom Gausdal Høyfjellshotell og Skei apartement, forsterkning/utbetring frå Skei apartement og Skeiselva, utbetring frå Fjellåa til Dørdalen.  Den siste store utbetringa fra Jetningskia til Toftsetra i 2010 kosta omlag 2,6 millionar kroner. Planer framover er utbetring/omlegging frå Toftsetra til Fagerhøi.

Arbeidet gjennom 20 år har gitt resultat. Under storflaumen pinsa 2011 var Peer Gynt-vegen einaste opne vegen mellom Sør-Noreg og Trøndelag eit døgn eller så.

Vinterveg

I 2000 vart deler av Peer Gynt-vegen vinterveg att – frå Gålå og inn mot Lauvåsen. Då Tore Strand tok over Lauvåsen og sette i gang med hytteutbygginga, gjekk han vidare på avtalen som Fagerhøi hadde hatt om brøyting, og sidan har Peer Gynt-vegen vore brøyta frå Gålå til Toftsætra, same kor mykje det snør og bles. I 2012 er det omlag 60 hytter på Lauvåsen, i det gamle Jern og Metall-området inntil er det omlag 50, og med hytter på Toftsetra og langsetter Peer Gynt-vegen frå Skjervangen til Gålå er det økonomisk grunnlag for å halde denne delen av vegen open gjennom vinteren. -Det er den siste vegstubben i landet som blir stengd pga snø, seier Tore Strand, som står for brøytinga og skal gi vegen tilbake til vegselskapet om våren i same stand som han overtok han om hausten.

I lang tid har det vore planar om å opne strekninga Gålå-Fagerhøi att på vintertid, men da som del av vegsamband mellom Gålå og Kvitfjell. Reiselivet, og især høgfjellshotella, har store problem i det andre tiåret av 2000-talet. Ein veg mellom Vendalen og Svinslåa ville få mykje å seia for verksemder og hytter på Gålå, Lauvåsen og Fagerhøi på vintertid, medan folk på Kvitfjell lettare kunne koma seg inn på fjellet om sommaren.

Bomvaktarane

Gamleordføraren i Sør-Fron, John Tofte, tok over som formann i vegselskapet i i 1992. Han sat til 1999, då Jan Erik Kristiansen frå Gausdal kom inn. Han sit som formann og i 2012. Det viktigaste som er gjort i hans tid, er truleg oppsettinga av automatbommane i 2004. Arbeidet kosta 1,3 millionar kroner, men inntektene tok seg opp med 20% første året.

Då forsvann dei gode, gamle bomvaktarane. Nokon skulle sjølvsagt ha samla alle historiene dei hadde på lager. Det finst mangt inne i ein bilist når han må ut med pengar, og kva fann dei på? Kva sa dei om vegen? Hadde dei opplevd noko? Bomvaktarane var tilsette frå 1. juni til 1. oktober. Dei tente 15 % av billettinntektene og hadde gratis husvære. På strekninga frå Fefor til Dalseter forsvann bomvaktaren i 2001. Familien Karenstuen hadde gjort den jobben på Lomseter. Inntil det kjem automatbom også her, er det godviljebom på denne strekninga.

Bomvaktaren med lengst fartstid? Rudolf Megrund vakta porten til fjellriket i 13 år på Gålå. Etter han er det ei historie: Ein kar vart så forbanna fordi han måtte betale bompengar at han sette bilen i revers for å koma seg unna. Han rygga rett inn i eit tre. Dei antok at reparasjonen ville komme på kr 2000. –Det hadde vore billegare med ein billett til kr 40, sa Megrund.

Nå er alle bomvaktarane erstatta av ein mann. I 2012 har Polmar Skar svart kontakttelefonen i sesongen i åtte år, og den mest hektiske tida, når teaterfolket køar seg sørover i mørkret etter å ha jaga omkring med Peer Gynt ved Gålåvatnet, står han ved bommen og ordnar opp. I slike stunder må vel alle vera samde i at vegen ber sitt namn med rette.

Nå skulle dei sett høgfjellets hovudveg gjennom Gudbrandsdalen, dei framsynte kvinner og menn som ikkje gav seg, sleit og bygde og held han vedlike gjennom 56 år. Det hadde vore stusseleg utan Peer Gynt-vegen.

Noko har vel ikkje endra seg. Folk er framleis utruleg kreative for å sleppe å betale bompengar. Dei skulle berre vete. Bomvaktaren sit i treet bak dei.

Takk til

Erik Gillebo

Kikke Hovind

Hans Petter Kleiven

Jan Erik Kristiansen

Polmar Skar

Tore Strand

Amund Wadahl

Peer Gynt-vegen er ein kring 60 km lang privateigd turistveg som går frå Svingvoll i Gausdal til Ruten i Espedalen. Vegen er berre open om sommaren. Det er bomveg fra Skeikampen til Gålå. Han fortset på kommunal veg forbi Fefor, men for å køyre vidare til Ruten må ein gjennom ny bom ved Hattdalsseter. Det høgaste punktet på vegen er Listulhøgda på 1068 moh. Ved Fagerhøy går det ein sideveg via Vendalen til Hundorp og fra Gålå går det veg ned til Harpefoss og Vinstra. Vegen vart opna i 1956. I motsetnad til Peer Gynt setervei, nordaust for Vinstra i Nord-Fron, går ikkje Peer Gynt-vegen gjennom område som har tilknyting til Peer Gynt-tradisjonen.Den fyrste etappen av vegen er særleg populær. Spesielt tyske og nederlandske turistar nyttar dette høvet til å kome opp i høgfjellsnatur etter berre få timars køyretur frå Oslo. Vegen vert òg nytta av sykkelturistar. (Wikipedia)

Lauvaasens historie

Lauvåsen Fjellstue - 2646 Gålå - Tlf (+47) 61 29 64 45 - Fax (+47) 61 29 64 46 - post (at) lauvaasen.net